Innoverte for Røde Kors – blei frivillig i Kors på halsen

Kitt Schwartz og Nina Hole

Telenor-tilsette Kitt Schwartz og Nina Hole skulle berre hjelpe Røde Kors med å teste eit nytt e-læringssystem, men blei så engasjerte at dei enda som frivillige i samtaletilbodet Kors på halsen.
- Det viktigaste vi har lært er at det ikkje er farleg å snakke om vonde, tøffe og vanskelege ting, seier dei.  

I fjor på denne tida opplevde dagleg leiar ved Kors på halsen, Nelli Kongshaug, at henvendelsane til svarsenteret auka, samstundes som smittevernomsyn gjorde at ho ikkje kunne ha nok folk på vakt.

- Det var en tøff situasjon. Mange frivillige ville gjerne kome på jobb, men sat i karantene eller var blitt omplassert til andre oppgåver. Samstundes visste vi at det var mange born som ville snakke med oss, born som kanskje var i ein vanskeleg heimesituasjon. Desse borna som er sårbare i utgangspunktet, blir ekstra sårbare i kriser, fortel Nelli.

Over 30 års samarbeid

I over 30 år har frivillige hos Kors på halsen lytta til historiene til born i Noreg. Telenor og Kors på halsen har samarbeida i alle desse åra, og blant annet sørga for at ingen barn har måtte betale for å ringe.

- I Telenor pleier vi å seie at samtalane Kors på halsen mottek er blant de viktigaste i vårt nett. Då vi blei kjent med utfordringane hos Kors på halsen, tok vi kontakt for å sjå kva vi kunne gjere. Ved å doble vår økonomiske støtte for 2020, samt å tilby Telenor-kompetanse, ønska vi å bidra til at dei som slit får den hjelpa dei treng, seier Ragnhild Mathisen, leiar for Corporate Affairs i Telenor Noreg.

Gåva var øyremerka midlar som skulle bidra til oppstart av eit nytt svarsenter i Bergen, samt å utvikle eit e-læringssystem for raskare opplæring av frivillige. Og til den jobben trengtest det bidrag frå Telenor-tilsette.

Brukte sin kompetanse

-Det var ikkje så vanskeleg å slenge seg på dette. Vi tenkte begge at Kors på halsen gjer ein så viktig og fantastisk jobb, så her er det berre å bidra inn. Vi har begge to alltid vore veldig stolte av samfunnsengasjementet til Telenor og då også samarbeidet med Røde Kors. Og så er det jo kjekt å få vere med på å teste ut nye ting, seier Kitt Schwartz som er kvalitetsrådgjevar i kundeservice Mobile.

Saman med kollega Nina testa ho betaversjon av e-læringsmodulane og gav tilbakemelding på korleis dei opplevde alt frå tekst, lydfiler, plassering av boksar og knappar, funksjonalitet og andre pedagogiske innspel.

-Vi fekk brukt mykje av den kunnskapen og erfaringa vi har tileigna oss i Telenor. Vi har mange års erfaring med opplæring, utvikling og kommunikasjon, samt at vi i tillegg har kompetanse og erfaring med feedback. Dette kom godt til nytte under testing og konkrete tilbakemeldingar til utviklarar, forklarer Nina Hole, som er Training & Knowledge Manager i Sales, Fixed & TV.

Blei frivillig

Då e-læringsmodulane skulle testast blei Nina og Kitt invitert til Kors på halsen sine lokalar, kor dei sjølve fekk prøve chat-tenesta. Der fekk dei oppleve korleis dei frivillige møter born og unge, og dei skjønte raskt at dei ville bidra meir.

-Vi var skikkeleg nervøse for å ikkje vere gode nok, svare feil slik at den som tok kontakt med oss ikkje fekk den hjelpa hen trengte osv. Sjølv om terrenget var ukjent og læringskurva bratt, var det ingen grunn til uro. Vi var omgitt av flinke, trygge og fine folk som hjelpte til om det var noko vi lurte på. Dei delte villig vekk erfaringar og tips, og bidrog til at det gjekk veldig fint likevel, seier Kitt.

No har Kitt og Nina vore frivillige i sidan sommaren 2020 og går vakter i 14 dagars turnus.

- Vi gleder oss til kvar vakt. Vi får liksom ei eiga ro når vi kjem til Kors på halsen, eg trur nok også ein blir litt ekstra skjerpet og sanseskarp. Samtidig lærer vi masse sjølv også. Det viktigaste vi har lært, og som vi har fått ei stor ro på, er at det ikkje er farleg å snakke om vonde, tøffe og vanskelege ting.  Det er rett og slett berre å spørje, stå i det, og anerkjenne det svaret du får. Det er jo først og fremst dei unge som må stå i det i sin kvardag, og vi som støttar dei tole å stå der saman med dei, seier Nina.

Innovasjon i krise

Støtta frå Telenor har bidrege til at Kors på halsen har oppretta eit svarsenter i Bergen, tilsett fleire fast tilsette i Kors på halsen, utvida opningstidene, og ikkje minst har e-læringskurset gjort at mange fleire born får snakke med ein frivillig.

- E-læringskurset har redusert opplæringstida av nye frivillige frå to månader til tre veker. Dei frivillige må sjølvsagt kome inn og ta opplæringsvakter, men mykje kan dei også gjere heime. Så sjølv om krisa har vore utfordrande, kan ein trygt seie at vi også har fått noko positivt ut av det; eit heilt nytt opplæringsverktøy som vi vil fortsette å bruke også etter korona, forklarer Nelli Kongshaug.

-Det blir jo sagt at det kan kome også noko positivt ut av ei krise, og samarbeidet om e-læringsressursane er jo eit døme på det. Det er flott at våre tilsette kan bidra i slikt innovasjonsarbeid, og at vi ved å kaste oss rundt og sjå moglegheiter kunne hjelpe til når det verkeleg trengtest. Eg er stolt over Nina og Kitt som ikkje berre bidrog i utviklingsprosjektet, men som også blei frivillige i Kors på halsen, seier Ragnhild Mathisen.