Pressemeldinger

Elisabeth Stene ny HR-direktør i Telenor Norge

Elisabeth Stene er tilsett som ny HR-direktør i Telenor Norge. Ho har lang fartstid i selskapet, og gler seg til å ta fatt på oppgåva i det største selskapet i Telenor-familien.
– Eg gler meg til å starte i Telenor Noreg, eit selskap eg starta i tilbake i 1996, seier Elisabeth Stene, ny HR-direktør.

(Fornebu, 12. mai 2022). Elisabeth Stene er tilsett som ny HR-direktør i Telenor Norge. Ho har lang fartstid i selskapet, og gler seg til å ta fatt på oppgåva i det største selskapet i Telenor-familien.

Stene kjem frå stillinga som HR-direktør i Digi, Telenor sitt dotterselskap i Malaysia. Ho etterfølgjer Anne Flagstad, og starta i jobben 1. mai.

– Eg gler meg til å kome tilbake til Telenor Norge, eit selskap eg starta i tilbake i 1996. Selskapet har eit viktig samfunnsoppdrag, og betyr mykje for mange i Norge. Då er ei av oppgåvene mine å syte for at Telenor er rusta med gode medarbeidarar som samhandlar godt og forstår kundane sine behov. Gode medarbeidarar har vi alt, men oppgåva mi er å legge tilhøva til rette for at vi skal bli endå betre på samarbeid og kompetanseutvikling.

Petter-Børre Furberg, administrerande direktør i Telenor Norge tek varmt imot Stene.

– Eg ser frem til å få Elisabeth med i leiargruppa. Ho har lang røynsle innan HR-faget, og har jobba i fleire av Telenor sine selskap, samt i andre organisasjonar. Telenor er midt i eit krevjande moderniserings- og digitaliseringsløp, og Elisabeth vil få ei viktig rolle i å leie organisasjons- og utviklingsarbeidet med leiarskap framover.

Telenor nyttar samstundes høvet til å gratulere med nynorskdagen i dag, 12. mai. Les meir her: https://www.nm.no/lokallaga/nynorskdagen/

For ytterligere informasjon, vennligst kontakt:

Anders Krokan, kommunikasjonssjef i Telenor Norge
Tlf: 952 09 037, anders.krokan@telenor.no eller ring pressetlf. på 800 80 900
Besøk også vårt nyhetsrom og følg oss på Twitter @TelenorN_presse